Om Giske

Hei!

Eg heiter Giske

Litt om meg og mitt


Allsidig designer, merkevarebyggar, engasjert samarbeidspartnar og litt «potet».


gb-design er eit lite, kreativt og sprudlande designfirma med fokus på utvikla god og funksjonell design som fungerer i praksis.

Giske er ein ujålete, blid og omgjengeleg designer. Praktisk anlagt, kreativ, nysgjerrig av natur, engasjert og til tider litt utolmodig. Ho likar å ha ein struktur på arbeidet, ein plan og ho arbeider aller best sjølvstendig, samstunes som ho er ein god samarbeidspartnar. Giske er lidenskapleg oppteken av «det lille ekstra» - slik at kunden får det han eller ho ynskjer, har behov for og det som gjev resultat.


Med base og heimekontor midt i Voss sentrum, har no Giske arbeidd i 12 år som frilans designer. Etter å ha arbeidd «halve livet»  med sal og marknadsføring og deretter nokre år med produksjon av bunadssylv, tok livet hennar ei ny retning med utdanning som grafisk designer.




Kvar kjem då engasjementet for butikk og då spesielt nisjebutikkar frå? Jo, Giske er nemleg så og seia «født og oppvaksen» i daglegvarebransjen, der ho arbeidd med alt i frå A til Å. Dette gjer og at ho i dag som frilans designer ser kva kunden har behov for, då ho sjølv har vore på andre sida – ho har vore butikkdrivaren, med alt det medfører av både arbeide og ikkje minst med ansvar for andre.


Giske si sterke side som designer er utvikling av identitet og å bygga merkevare, der det er ein «raud tråd» gjennom alt ho leverer. Design er ein prosess frå idé, til gjennomføring og ferdigstilling. Giske brenn for å utvikla funksjonell og smakfull design til det beste for kunden. Det å finna det UNIKE ved nettopp deg, ditt produkt og ikkje minst di bedrift. Eitt av hennar mål er at kunden skal vera stolt av resulatet og at dei kjennar eigarskap til det ferdige produktet som dei skal nytta vidare i sin kvardag.


Med ei praktisk tilnærming til dei ulike oppdrag ho har, arbeider Giske ofte i tett samarbeid med kunden. I praksis vil dette seia alt i frå å arbeide ute hjå kunden, eller på heimekontoret der kommunikasjonen går via e-post og telefon. Resulata vert då at ein saman skapar gode løysingar som fungerer godt, skreddarsydd etter kunden sitt behov. Kundane til Giske held i hovudsak til på Vestlandet, men ho arbeider gjerne med kundar landet rundt – då ho er svært glad i å reise og ser ikkje på #reisekontor som noko problem. Når ho har anledning reiser ho gjerne til fjells og har #hyttekontor, kombinerer jobb og fritid – og får maks inspirasjon frå naturen. Andre gonger er det kjekt å ta nokre timar med #kafekontor og med det få ein heilt annan inspirasjon.


Vel du Design by Giske for dine tenester, så garanterer ho godt humør og ein god dose latter med kjøpet. Send nokre ord på post@gb-design.no eller kikk innom hennar heimeside på www.designbygiske.no

 

 

  

Sjekk gjerne ut gb-design.no i flere kanaler:

www.facebook.com/design.by.giske

www.instagram.com/design.by.giske