Allsidig designer, merkevarebyggar, marknadsførar, engasjert samarbeidspartnar og «potet»
Design by Giske er eit kreativt designfirma med fokus på å utvikla god funksjonell design som fungerer i praksis. Giske er ein blid og omgjengeleg designer, praktisk anlagt, kreativ, nysgjerrig av natur, engasjert og til tider litt utolmodig. Ho er lidenskapeleg oppteken av ”det lille ekstra” - slik at kunden får det dei ynskjer, har behov for og som gjev resultat.
Giske har arbeidd som frilanser med sitt eige vesle einkvinnes firma sidan våren 2010, og er framleis lukkeleg som liten. Ho har i dag base og heimekontor midt i Voss sentrum
Kvar kjem så Giske sitt engasjement for butikk, nisjebutikkar og lokalsamfunn frå? Jo, ho er så og seia ”født inn” i daglegvarebransjen, der ho gjennom ”halve livet” har arbeidd med alt frå A til Å. Fyrst i butikkane til sin far, og seinare i ulike leiarstillingar i andre butikkar. Dette gjer at ho i sitt virke som designer & merkevarebyggar ser kva kunden har behov for, då ho sjølv har vore på den andre sida. Ho har arbeidd ”på golvet” der ein møter kundane og ho har vore butikkdrivaren med alt ansvaret.
Giske si sterke side som designer er utvikling av identitet & konsept, og merkevarebygging med ein ”raud tråd” gjennom alt ho leverer. Design er ein prosess frå idé, til gjennomføring og ferdigstilling. Giske brenn for å utvikla funksjonell og smakfull design til det beste for kunden - og deira målgruppe. Det å finna det UNIKE ved nettog deg, ditt produkt og ikkje minst di bedrift. Eit av hennar hovudmål er at kunden skal vera stolt av resulatet og at dei kjenner eigarskap til produktet som dei skal nytta vidare i sin kvardag.
Giske har ei praktisk tilnærming til dei ulike oppdraga ho tar på seg og ho arbeider ofte i tett samarbeid med kunden, enten ute hjå
kunden eller frå sitt heimekontor. Kundane til Giske held i hovudsak til på Vestlandet, men ho arbeider gjerne med kundar landet rundt. Dette er ingen problem i dagens digitale verd der kommunikasjonen ofte føregår via telefon, e-post, zoom-møter. Elles så er Giske glad i reisa og ser ikkje på #reisekontor som noko problem, då det berre er eit pluss når utferdstrangen melder seg. Når ho har anledning så reiser ho gjerne til fjells og kombinerer #hyttekontor med fritidsaktivitetar då naturen gjev både ro og inspirasjon.
• logo, identitet & merkevarebygging • kommunikasjon & marknadsføring •
• trykksaker • foto • webdesign • rådgjevning • kurs & foredrag •
Vel du Design by Giske for dine tenester, så garanterer ho godt humør og ein god dose latter med på kjøpet.
Du finn meir om Giske og hennar tenester på www.designbygiske.no
Sjekk gjerne ut Design by Giske i flere kanaler;
www.facebook.com/design.by.giske
www.instagram.com/design.by.giske
(C) designbygiske.no & butikkutvikler.no